Frå nyttår kan det bli 20.000 kroner dyrare å selje bustaden sin. Ein obligatorisk bustadsalsrapport blir innført for einebustader, tomannsbustader og rekkehus.
Det er bransjen sjølv gjennom som innfører den nye og grundigare bustadsjekken for å få ned talet på konfliktar mellom seljarar og kjøparar. Den nye rapporten blir obligatorisk frå 1. januar 2015.
Fleire takstmenn NRK har snakka med seier at dei kjem til å ta mellom 15.000 og 20.000 kroner pluss moms for ein slik takst. Det er altfor mykje, meiner fleire mange eigedomsmeklarar.
